Oddgeir Bruaset kjent frå NRK-programmet "Der ingen skulle tru at nokon kunne bu" kjem til Rennesøy for å halde foredrag frå boka Jul der ingen skulle tru at nokon kunne bu;
Her blir det fortalt om julefeiring og juletradisjonar på avsidesliggjande stader i fortid og notid. Eit av spørsmåla han stiller, er om juletradisjonane står sterkare blant utkantfolket enn i samfunnet elles, og korleis det i så fall kjem til uttrykk.
Servering av smørbrød og kaffe. Musikalsk innslag.
Bestill gratisbillettar på sølvberget.no innan 14.november.
Påmelding til Bjørg på Rennesøy Frivilligsentral.
Arrangement i regi av Rennesøy historielag, Mosterøy sanitetsforening, Rennesøy biblioteket og Rennesøy Frivilligsentral