Lørdag 22 April 2023
Kl. 11:00 - 12:00, Vikevågveien 138
Barnas laurdag på Rennesøy: Eg fann, eg fann, sa Oskeladden

Oskeladden er alltid glad i å ferdast rundt på leit etter ting, eller på veg til kongsgarden for å målbinda ei prinsesse. Kva skal han gjere når han møter trollet på Hedalsskogen, dei tre bukkane Bruse, finn fela til Veslefrikk eller møter ei gammal kjerring som har sete fast nasa si i stubben?

Heldigvis har han med seg den store eventyrboka, «Det var ein gong», som blir hans vegvisar og oppslagsverk på turen. Med litt hjelp frå barna, blir det til slutt ein hyggjeleg snipp snapp snute!

Med skodespelarar frå Oskeladden Friteater. Regi og manus: Bjørn Helge Warud.

Passar for alle. Varigheit ca. 30 min.

Foto: Oskeladden friteater

2024 © Rennesøy Frivilligsentral