Onsdag 16 November 2022
Kl. 18:00 - 19:30, Vikevågveien 138
Bokprat: Harald Grønnevik

Bokprat Harald Grønnevik

Onsdag 16.november kl.18.00

Rennesøy bibliotek

Harald Grønnevik, tidlegare prest i Rennesøy kommune, kjem i desse dagar med ny bok «Det grøna midt i vegen| Forteljingar, rekved på ei strand og små pilegrimsferder».

I si førre bok, Heimbygd, fortel forfattaren om røtene i ei lita Sunnhordlandsbygd. I denne boka bryt han opp frå bygda og let oss bli med til stadene der han seinare i livet har levd og arbeidd, innanlands og på dei britiske øyane i vest. Sjølvsagt har han med på ferda sin lune, humørfylde penn. 

«Av og til er presten oppe og vaker. Såpass må ein rekne med når den som fører pennen har vore innafor rundsnippen i 40 år», skriv han i forordet. Og han vart ikkje berre pilegrim, men Liverpool-fan òg, på øyane der vest. Med det er vi lesarar grundig advart. 

Anders Færevåg har vakkert og levande illustrert boka. 

Etter bokpraten blir det boksal, og høve til å sikre seg årets julegåve!

2024 © Rennesøy Frivilligsentral