Onsdag 2 Februar 2022
Kl. 16:00 - 18:00, Kulturhuset Meieriet
Strikk og lytt - og digihjelp

Annkvar onsdag inviterast det til strikk og lytt på biblioteket. Her kan du møte andre strikkarar, lytte til ei lita forteljing og nyte ein kopp kaffi medan pinnane går. Ta med strikketøy, eller få  hjelp til å kome i gang.

Det er sjølvsagt lov å kome om du berre vil lytte til forteljing og vere med på kaffedrøs.

På strikk og lytt er det også mogelegheit til å få hjelp med spørsmål om tekniske dupedittar som smarttelefon, PC, nettbrett eller offentlege tenester på nett.

1.september, 15.september, 29.september, 13.oktober, 27.oktober, 10.november, 24.november og 8.desember

Arrangør: Rennesøy bibliotek / Rennesøy Frivilligsentral / Rennesøy Innbyggjartorg.


2024 © Rennesøy Frivilligsentral